Praksis hos Brønnøy Kalk - Synnøve Håheim Bakk

GeoPraksis
Nov 16, 2023
By:
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Skrevet av:
Synnøve Håheim Bakk

Mitt navn er Synnøve, og eg er ein av dei heldige som får ta geopraksis dette semesteret. Eg har saman med Andrea vore i praksis for Brønnøy Kalk i 1 av 3 veker. Brønnøy Kalk jobbar med utvinning av kalk frå kalkmarmor, og er eit datterselskap i Norsk Mineral-konsernet. Kalken blir sendt til Hustadmarmor AS i Molde, og mesteparten av denne kalken blir brukt til papirindustrien.

Ved å lese annonsa Brønnøy Kalk hadde lagt ut, fekk eg inntrykk av at det var bra arbeidsmiljø. Dette synes eg er veldig viktig for motivasjon og arbeidslyst. Samtidig virka det som veldig spennande arbeidsoppgåver, og eit stort pluss at det er ein kombinasjon av kontor- og feltarbeid. Forventningar før eg starta der var ikkje så mange, men mest det å skape relasjonar med dei som jobbar der, og få mulighet til å prøve seg på nokre av arbeidsoppgåvene.

Første dag blei me tatt godt imot. Det starta med eit HMS-kurs sidan me skulle ut i dagbruddet, og informasjon om selskapet. Etter dette fekk me omvising av dagbruddet og inne i bygget, og til slutt utdelt arbeidsoppgåva. Me har fått i oppgåve å bruke QGIS for å markere lineamenter rundt ulike områder i dagbruddet med hovudfokus på sørsida og den planlagde utvidelsen der. Dette for å sjå om det eventuelt kan dukke opp svakheitssoner, forkastningar og intrusjonar i dagbruddet eller i området dei planlegger å utvide til, som kan påverke produksjonen eller geofaren. Til slutt skal me skrive ein rapport om dette. Me har også fått lov til å ta del i møter og sjå på andre prosjekt geologane held på med her. Det eine prosjektet gjekk ut på å bruke msii for å vite korleis me kan rekne ut om platåa i dagbruddet er innafor faregrensa eller ikkje.  Det har vore veldig kjekt å sjå det fine samarbeidet mellom alle ansatte her med ulike stillingar. Første praksisveke har verkeleg overgått all forventning.

Arbeid ved dagsbruddet i Brønnøysund

Eg hadde trudd at ein kun skulle bruke kunnskapen om strukturgeologi, men det viser seg at det er mykje meir som skal henge saman. Ein må også ha litt forståelse for geokjemi, fysikk og matte (sjølv om excel stort sett gjer mattejobben). Det er godt å finne ut at sjølv om ein ikkje f.eks har kunnskap i GIS frå før, så kan ein likevel få tid på arbeid til å lære undervegs. Det var ein positiv overraskelse at ein får god tid til å setje seg inn i nye program på jobb, altså at det ikkje er forventa at ein kan «alt» når ein er ferdig med studiet. Eg har lært at GIS er eit program som er veldig relevant og brukbart for dei fleste geologar. Eg har også fått lære at strøk og fall faktisk er brukbart i arbeidslivet, og ikkje berre noko ein gjer på gøy. På grunn av eit spennande prosjekt og veldig kjekke folk, gleder eg meg til å kome tilbake etter påske.

Min tid i praksis etter tre uker hos Brønnøy kalk

Eg har saman med Andrea vore i praksis for Brønnøy Kalk ei veke i februar, så to veker etter påske. Brønnøy Kalk jobbar med utvinning av kalk frå kalkmarmor, og er eit datterselskap i Norsk Mineral-konsernet. Kalken blir sendt til Hustadmarmor AS i Molde, og mesteparten av denne kalken blir brukt til papirindustrien.

Første dag blei me tatt godt imot. Det starta med eit HMS-kurs sidan me skulle ut i dagbruddet, og informasjon om selskapet. Etter dette fekk me omvising av dagbruddet og inne i bygget, og tilslutt utdelt arbeidsoppgåva. Hovudoppgåva vår har vore å bruke QGIS for å markere lineamenter rundt ulike områder i dagbruddet, med hovudfokus på sørsida og den planlagde utvidelsen der. Dette for å sjå om det eventuelt kan dukke oppsvakheitssoner, forkastningar og intrusjonar i dagbruddet eller i området dei planlegger å utvide til, som kan påverke produksjonen. Me har brukt nokre dagar på å gå ut i felt for å ta strøk- og fallmålingar som me har putta inn i QGIS. Me har også brukt appen Orient for å plotte inn lineament-punktene i eit digitalt stereonet. Til slutt skreiv me ein rapport om dette. Utenom hovudoppgåva har me fått lov til å ta del i møter og sjå på kva dei andre prosjektgeologane held på med her. Opplegget geologane på Brønnøy Kalk har laga for oss gav oss rom for å finne ut av ting sjølv, samtidig som at terskelen for å spørje om hjelp var veldig lav. Praksisopphaldet har verkeleg overgått all forventning.

Dagbruddet.

Eg hadde trudd at ein kun skulle bruke kunnskapen om strukturgeologi i eit dagbrudd som dette, men det viser seg at det er mykje meir som skal henge saman. Ein må også ha litt forståelse for geokjemi, fysikk og matte (sjølv om excel stort sett gjer mattejobben).

Det var ein positiv overraskelse at ein får god tid til å setje seg inn i nye program på jobb, altså at det ikkje er forventa at ein kan «alt» når ein er ferdig med studiet. Det har likevel kome veldig godt med å ha litt kunnskap frå før, spesielt om strukturgeologi og enkelte geologiske begrep. Me hadde ingen kunnskap i GIS frå før, men me fekk likevel tid på arbeid til å lære undervegs. Då me kom tilbake til praksis etter påske, fekk me ikkje til å opne QGIS-fila me hadde jobba med heile første veka. Dette gav oss ei utfordring der me måtte gjere alt frå scratch, og etter to dagar kom me endelig tilbake til der me var sist, heilt på eiga hand. Det gav ein stor mestringsfølelse og motivasjon, og det gjekk opp for meg at sjølv om noko ser umulig ut så kan ein få det til. Eg har lært at GIS er eit program som er veldig relevant og brukbart for dei fleste geologar. Eg har også fått lære at strøk og fall faktisk er brukbart i arbeidslivet, og ikkje berre noko ein gjer på gøy. Vidare i studiet kjem eg til å ta med meg tankesettet om at ein lærer alt for ein grunn, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut på skulebenken. Eg kjem også til å vere litt meir avslappa med tanke på at ein ikkje må huske alt ein har lært i løpet av studiet for å vere klar for arbeidslivet. Det viktigaste er motivasjon og openheit for å lære nytt.

I felt.

I felt.

Praksis hos Brønnøy Kalk - Synnøve Håheim Bakk

Andre bloggartikler

Stay in the Loop!
Join our mailing list for our newsletter.

Educational Resources

No items found.

Last ned filer

No items found.