Praksis hos Rambøll - Håvard Heie Bjørndal

GeoPraksis
Nov 15, 2023
By:
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Skrevet av:
Håvard Heie Bjørndal

Hei!

Eg heiter Håvard og er på mitt siste semester på ein bachelorgrad i geovitenskap retning geologi. Eg var i veke 8 i praksis hos Rambøll som ingeniørgeolog saman med Thomas. Rambøll er eit globalt konsulentselskap som tilbyr ingeniørrådgjeving og prosjektering innan bygg, samferdsel, byutvikling, energi, vatn, miljø og helse, olje og gass samt tenester innan arkitektur og management consulting. Eg var i praksis på geo-avdelinga på Bergenskontoret som ligg i Nygårdsgaten.

Eg ønska geopraksis hos Rambøll fordi eg er interessert i ein karriere i konsulentbransjen, der Rambøll er ein viktig aktør. Hos Rambøll får eg vera med på å utvikle samfunnet på ein positiv måte. Før praksisopphaldet hadde eg forventningar om å få eit innblikk i korleis det er å jobbe i konsulentbransjen som ein ingeniørgeolog, samt å få vera med ute i felt for å sjå korleis ein jobbar. Eg hadde også forventningar om eit godt sosialt og arbeidsmiljø. Etter ei veke i praksis vil eg seie at forventingane har innfridd så langt!

I første praksisveke har eg fått fleire ulike oppgåvar samt moglegheiter for å observera og stille masse spørsmål. I starten av veka fekk eg i oppdrag av å setje meg inn i diverse handbøker frå vegvesenet, som skulle vise seg å vera nyttig seinare i veka. Fekk også i oppdrag om å kartlegge skredhendingar i prosjektet ny E39 Bokn-Hope, dette vart gjort ved å bruke databasen til vegvesenet og NVE.

Eg fekk også vere med på ein befaring på Haukeland, der ein skulle flytte ein VA-leidning.

Den største oppgåve eg jobba med første veka var å kartlegge svakheitssoner langs traseen til ny E39- Bokn Hope. Her jobba eg og Thomas ilag ved å bruke høydedata, der me fekk konsultasjon av erfaren ingeniørgeolog undervegs. På torsdagen reiste vi på befaring til Myrmel i Sunnfjord, der ein skulle kontrollskjekke sikring på vegskjeringar i forbindelse med ein ny tunell. Dette var ein svært lærerik oppleving der ein fekk mogelegheit til både å observere og stille spørsmål.

Etter å ha vore i praksis i ei veke så har eg innsett at det er mykje innan ingeniørgeologi som eg ikkje kan, som betyr at læringskurva er bratt. Geologikunnskapen som dannar grunnlaget har eg, då spesielt strukturgeologi. I neste praksisperiode skal eg fortsett stille mykje spørsmål og bidra med den bakgrunnskunnskapen eg har samstundes som eg skal sette meg enda meir inn i ingeniørgeologien.

Min tid i praksis etter tre uker hos Rambøll

Eg var så heldig å få lov til vera i praksis på GEO-avdelinga til Rambøll i Bergen som ingeniørgeolog i tre kjekke veker. I dei tre vekene fekk eg vera med på mykje spennande og varierte arbeidsoppgåver der eg fekk eit innblikk i korleis ein ingeniørgeolog jobbar i konsulentbransjen. I løpet av praksisoppholdet fekk eg ein heil del nye erfaringar og kunnskap som eg kan ta nytte av vidare. Eg har vore med på fleire ulike synfaringar der eg har fått observert og fått meir forståing om korleis ein ingeniørgeolog jobbar i eit byggeprosjekt. Eg har ilag med Thomas kartlagt svakheits-soner der eg har fått bruk for bakgrunnskunnskapen min. Det kjekkaste eg fekk vere med på var tunnelinspeksjon i Eidfjord. Då jobba me nattskift i tre netter der vi leita etter lause blokkar manuelt ved spett i ei korg som var operert ved ein hjullastar. Dette var veldig lærerikt og kjekt, samt me fekk nokre fine dagar saman i Eidfjord der eg blei godt kjent med ingeniørgeologane Mari og Johanne. Eg hadde ikkje så mykje bakgrunnskunnskap om tunnelinspeksjon før me satt i gang med arbeidet, men læringskurva var bratt og eg fekk rakst teken på det. Dette gjorde at eg verkeleg vekk bidratt der arbeidet eg gjorde var til nytte for Rambøll. Veka etter tunnelinspeksjonane jobba me med rapportane som skulle vidaresendast. Dette var også ein svært lærerik prosess der eg og Thomas fekk bryna oss på nokre utfordringar, med hjelp frå dei kunnskapsrike kollegaene våre. Rapportskriving er noko eg har gjort før i utdanninga mi, så med litt hjelp frå kollegaene mine gjekk dette nokså bra.

Bilde frå synfaring av bergskjering ved Myrmelstunnelen.

I jobben som ingeniørgeolog var det definitivt kunnskapen eg har fått frå emnet GEOV104 –strukturgeologi, som har vore mest nyttig for meg under praksisopphaldet. Evna til forstå og å sjå for seg bergstrukturar i 3D er noko som verkeleg er nyttig for bedrifta ettersom arbeid med tunnelar og bergskjeringar var det som me jobba mest med. Elles så er den geologiske bakgrunnskunnskapen nyttig, der spesielt felterfaring er gull verdt.

Dei største faglege problemstillingane eg har møtt på i praksisopphaldet er arbeidet med svakheits-sonar, samt arbeidet med rapportane etter tunellinspeksjonane. Der fekk eg bruk for kompetansen min innan strukturgeologi og arbeid med ulike digitale kartverktøy, samt kompetanse innan rapportskriving. Ved å bruke kompetansen min og kompetansen til medstudent Thomas kom me eit godt stykke på veg. Med konsultasjon frå dei andre på avdelinga fekk me lyst problema og fekk eit akseptabelt resultat.

Bilde frå synfaring på Askøy.

Eg har lært utruleg mykje på dei tre vekene eg var i praksis her. Eg har lært korleis ein driv tunnelinspeksjon, samt korleis ein skrivar rapport på arbeidet. Det har vore svært lærerikt å sjå korleis ein kvardag til ein ingeniørgeolog i konsulentbransjen utartar seg, og dette er noko eg også kunne tenkje meg etter fullført master! Det overraska meg over kor fleksibel ein bør vera innan bedrifta, samt kor godt ein er naudsynt til å samarbeide med kollegane både frå kontoret i Bergen og andre stadar. Eg tar med meg masse god erfaring og ny kunnskap vidare i studiet, som eg trur eg vil få god bruk for vidare på master og ut i arbeidslivet.

Vil takke alle på Rambøll si GEO-avdeling i Bergen for tre lærerike veker!

Praksis hos Rambøll - Håvard Heie Bjørndal

Bilde frå tunnelinspeksjon i Eidfjord.

Andre bloggartikler

Stay in the Loop!
Join our mailing list for our newsletter.

Educational Resources

No items found.

Last ned filer

No items found.