Første uke praksis på EARTHLAB UIB

'GeoPraksis'
Apr 11, 2023
By:
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Skrevet av:
Sølve Nytrøen

Mitt namn er Sølve. Eg er 21 år, og eg er no i mitt 6. semester i bachelorgraden min i geovitenskap. Mens eg har gått på UiB har eg fått auga mine opp for felt og labarbeid. Det å bruke kunnskapene man tileignar seg i studie på ein meir praktisk måte for å teste eller sjå om det ein trur er rett eller ei har vert ein auge opnar for meg. Av den grunn valde eg å jobbe på EARTHLAB UiB i mine praksisveker i emnet Geopraksis.

Før eg begynte første veka med praksisarbeid var mine forventningar forma mye av arbeidsbeskrivinga. Eg forventa noko labarbeid der vi skulle lære om fjerning av organisk materiale i sedimentprøvar før kornstorleikundersøkingar, og at når vi ble ferdige eller måtte vente på å fortsette av ein eller anna grunn så ville vi bli gitt ein arbeidsoppgåve relatert til labben.

Arbeidsveka starta med ein omvising på EARTHLAB og forskjellige rom og utstyr di har tilgjengeleg på UiB. Deretter fekk vi vår første arbeidsoppgåve, som var å lage forsøk for å prøve å finne ut av kva effekt det har å fjerne organisk materiale frå kornstorleikprøver med hydrogenperoksid (H2O2, vanlig stoff å bruke i blekemiddel) eller brenning. Vi ble henvist til fleire artikklar, nokon om liknande tema og andre om forsøk der H2O2 eller brenning ble brukt for å preparere kornstorleikprøver. Etter å ha lest ein del kom vi fram til at vi ville teste metodane i eit forsøk.

Vi fikk 3 kjerneprøver som vi kunne «leke» med. Vi tok 60 prøver frå den første vi jobbet med, og etter at vi nå fant ut at 60 prøver per kjerne ville være litt «overkill» reduserte vi antal prøver i de 2 andre til 30- og 18 prøver. I løpet av denne første veka rakk vi berre å tilsette H2O2 til ein tredjedel av prøvene. Alle dei andre prøvene blei lagt i plastposar for ivaretaking til dei to neste praksisvekene.

Vi brukte mikrosjop for å sjå på makrofossiler

Når vi ikkje jobba med forsøket ble vi satt til å plukke makrofossiler til karbondatering. Da filtrerte vi sedimentprøver med sil, putta di største bitane i ein petriskål og plukka ut makrofossilene med pinsett. Vi hadde først eit prøveforsøk med ein av di tre kjerneprøvene vi kunne «leke» med, og så fekk vi lov å hjelpe til å plukke makrofossil frå ein kjerneprøve frå Svalbard.

I løpet av denne første veka har eg lært ein del. For det første har eg lært litt om kva ein faktisk gjer på ein lab. Det liknar noko labarbeidet ein gjer på istudiane, men ein må stille spørsmål sjølv, det er ingen openberre svar eller «rette» svar, og ein må tilpasse etter kva ein har tilgjengeleg enten det er betre eller ei enn det man forventa bruke (sidan eg veit lite om labben har det til nå vert betre). Det andre eg har lært er at å ha ein solid plan hjelper, og at kunnskap om det man held på med gjer det lettare å lage ein. Derfor tenker eg å prøve å lese litt meir på di gitte artiklane for å sjå om eg kan bidra litt meir med innspel neste gong, når vi forhåpentleg vis skal bli ferdig med forsøket og begynne å si litt om effekt av H2O2 og brenning.

Første uke praksis på EARTHLAB UIB

Andre bloggartikler

'GeoPraksis'
This is some text inside of a div block.

Geopraksis ved Brønnøy Kalk i Brønnøysund

'GeoPraksis'
This is some text inside of a div block.

Geopraksis ved Bergen kommunes plan- og bygningsetat

Stay in the Loop!
Join our mailing list for our newsletter.

Educational Resources

No items found.

Last ned filer

No items found.